Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 24

  1. Kvifor må lovtekstar tolkast?

    Lovtekstar inneheld ofte vage og generelle ord og uttrykk som ikkje har eit klart og avgrensa meiningsinnhald. Tolking av lovtekstar er behandla i læreboka på side 17. Ord som «skog», «bustad», «formuesgjenstand», «skip» osv. treng ofte ei nærmare avgrensing. Det er spesielt viktig med grundig tolking når vage ord og uttrykk står i straffereglar fordi tolkinga ofte er avgjerande for om nokon skal straffast eller frifinnast. Det er også viktig å avklare forståinga av ord og uttrykk når dei står i lovtekstar som grip inn i rettane og pliktene dine overfor offentlege myndigheiter.

  2. Kva er meint med utvida tolking?

    Utvida tolking vil seie å leggje meir meiningsinnhald i eit ord eller uttrykk enn det vanleg språkforståing gir grunnlag for. Døme kan vere at ordet sykkel også omfattar elektriske syklar, at pattedyr også omfattar menneske, at ekteskap også omfattar personar av same kjønn, eller at motorvogn omfattar grasklippar. Det er viktig å vere merksam på at ord og uttrykk kan bli tolka ulikt i ulike lover.

  3. Kva er meint med innskrenka tolking?

    Innskrenka tolking vil seie å leggje mindre meiningsinnhald i eit ord eller uttrykk enn det vanleg språkforståing gir dekning for. Når katt blir tolka som «katt – bortsett frå innekatt», blir katt tolka innskrenka. Innskrenka tolking er det motsette av utvida tolking.

    Ein annan grunn til innskrenka tolking ligg i den fragmentariske karakteren ved ei lov. Det står til dømes ein stad i lova at diskriminering er forboden (likestillings- og diskrimineringslova § 6), mens det ein annan stad står at diskriminering likevel er lovleg i nokre tilfelle (§ 9). Forbodet i § 6 må derfor tolkast innskrenkande i forhold til § 9.

  4. Kva er meint med analogisk tolking?

    Analogisk tolking er å tolke ord og uttrykk tilsvarande på eit anna område enn det lovteksten seier. Dersom reglar for ektefellar blir nytta for sambuarar, seier vi at reglane for ektefellar blir brukt analogisk for sambuarar. Det er nok ein glidande overgang mellom utvida og analogisk tolking, men den prinsipielle skilnaden er at ved utvida tolking er ein innanfor sjølve ordlyden. Ved analogisk tolking er ein utanfor.

    Likskapsprinsippet blir framheva som grunngiving for analogisk tolking der ein ikkje finn ein heilt treffande lovtekst, men at tilfellet har så mange fellestrekk med eit lovregulert område at begge tilfelle bør løysast likt. I Passbåtdommen (RT-1973-433) vart passbåt tolka som «skip». Somme vil hevde at ein er utanfor ordlyden og bruker reglane om skip analogisk for passbåtar. Andre vil hevde at ein er innanfor den ytre ramma for ordlyden, og at ordet skip vart tolka utvida. Tilsvarande resonnement kan ein bruke for ordet «fører» i vegtrafikklova § 22. Ved til dømes øvingskøyring kan læraren som sit i passasjersetet, bli vurdert som førar sjølv om han eller ho ikkje sit bak rattet og styrer bilen.

  5. Kva er meint med antitetisk tolking?

    Med antitetisk tolking meiner vi motsett tolking. Det vil seie at tilfelle som fell utanfor ordlyden, blir løyst motsett av det lovteksten gir rettleiing om. Dette er nok det tolkingsresultatet som er vanskelegast å gi ei god grunngiving for. Eit ofte brukt døme er verjemålslova § 2 som bestemmer at den som er under 18 år, er umyndig. Antitetisk blir dette tolka som at personar som har fylt 18 år, er myndige.

    Eit av dei mest kjende døma er tolkinga av avtalelova § 11(1) som seier at ein avtale ikkje er bindande for ein fullmaktsgivar dersom fullmektigen hans har inngått ein avtale i strid med dei instruksane han fekk, og motparten forstod eller burde forstått (vond tru) at instruksane vart brotne. Antitetisk tolka vil det seie at fullmaktsgivaren blir bunden til avtalen dersom motparten ikkje kjende til instruksbrotet (god tru).

  6. Kva er ein rettskollisjon?

    Ein rettskollisjon ligg føre når to eller fleire reglar gir ulikt resultat for det same rettsspørsmålet. Vi kan hente eit døme frå bilansvarslova § 7(4). Denne lova bestemte tidlegare at ein passasjer ikkje kunne få erstatning for skade som han eller ho vart påført etter eit uhell når passasjeren forstod eller burde forstått at føraren var påverka av alkohol. Ein annan regel sa at Noreg gjennom EØS-avtalen var bunde av reglane i EU som sa at det berre var den alkoholpåverka føraren som ikkje fekk erstatning. Passasjerar hadde rett til erstatning. Det var kollisjon mellom norsk rett og EU-retten på dette området. Spørsmålet vart løyst etter ein høgsterettsdom i plenum. Norsk rett måtte underordne seg EU-retten, og regelen i bilansvarslova § 7 vart endra slik at passasjerar får rett til erstatning sjølv om føraren var rusa.

  7. Korleis kan vi løyse ulike typar av rettskollisjonar?

    Når to eller fleire rettsreglar tilsynelatande gir ulikt resultat for det same rettsspørsmålet, må ein første harmonisere så mykje som mogleg ved å tolke så innskrenkande at reglane ikkje lenger kolliderer. Dersom dette ikkje lèt seg gjere, må vi ha vikepliktsreglar. Lov av høgare rang går føre lov av lågare rang. Til dømes går lovtekst vedteken av Stortinget føre forskrifter (trinnhøgdeprinsippet). Spesialreglar går føre generelle reglar (spesialregelprinsippet), og nye lover går føre gamle lover (lex posterior).